VekoPride

Events VekoPride Sverresplass, Vangsgata Fri 30.06 at 16:30 GRATIS / FREE

Ekstremsportveko jobbar for at me sjølv og Voss skal vere ein open, inkluderande og mangfoldig stad som båe er gode å bu i og gode å besøke.

Ekstremsportveko jobbar for at me sjølv og Voss skal vere ein open, inkluderande og mangfaldige stad som båe er god å bu i og god å besøke.
Samen med FriVoss og Amnesty skipar me ei prideparade fredag 30 juni kl.17.00. Terrorhendelsen under fjorårets Oslo Pride viste at pride er viktigare enn nokon gong. Årets pride handlar om tryggheit. Me jobbar for at alle, uansett seksuell orientering, kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet skal vere trygge. Me ynskjer trygge prider over heile landet, sprei kunnskap og bygge synleg støtte. Me håper at dykk vil vere med oss og vise verda at me på Voss er opne, inkluderande og mangfaldige.

Me oppfordrar både enkeltpersonar, bedrifter, lag & organisasjonar til å bli med på markeringa.

VEKOPRIDE MARKERING FREDAG 30. JUNI
16.30 Oppmøte (Sverresplassen, Vangsgata)
16.50 PRIDE paroler (10 min)
17.00 PRIDE parade (30 min)
17.30 Programmet fortsett på festivalarenaen

Det er GRATIS å bli med på pride markeringa vår fram til kl.19.00.

Sei gjerne i frå om dykk ynskjer å stille i skjemaet under, slik at me kan planlegge for ei best mogleg gjennomføring. <3

Me vil vere med på pride

Om ja, utdyp gjerne kva dykk tenkjer.

Oppmøte ved Sverresplassen i Vangsgata for oppstilling av parade.

NB! Alle meiningar ein måtte ha er velkomne, så lenge dei ikkje er hatefulle, hetsande eller nedverdigande.

Ekstremsportveko har lenge hatt samarbeid med Amnesty International Norway, og dei er sjølvsagt med på årets pride markering. Her kan du lese meir om historia til LHBTIQ-arbeidet, og her kan du sjå korleis ein kan gjere meir for å støtte arbeidet - verda rundt. 

https://amnesty.no/kampen-fortsetter