Voss Energi

Voss Energi og Voss Fiber forlengar det spennande samarbeidet med Ekstremsportveko

Voss Energi og Voss Fiber, to leiiande aktørar innan energi, TV- og internett i sin region, fortsett sponsorsamarbeidet med Ekstremsportveko, ein av verdas mest unike festivalar. Partnerskapet markerar ei spennende utvikling i selskapa sine engasjement for framtidsretta løysningar med lokal forankring.

  • Voss Energi er begeistra over å kunne fortsette samarbeide med Veko og bidra til å kunne gjere Voss til ein attraktiv stad å bu og virke, det seier marknadssjef i Voss Energi, Per Berge. Partnerskapet gir oss ein moglegheita til å nå ut til eit bredt publikum og inspirere til handling for ei meir bærekraftig framtid.

 

Lynrask festival, lynraske forbindelsar

I Ekstremsportveko er det ikkje berre utøvarane som er lynraske, Dagens Video-temaet til Veko jobbar under sterkt tidspress for å få ferdig TV-sendingar same dag som dei er filma. For å levere videobileter til TV-kanalar og mediehus over heile verda, er dei avhengige av å kunne overføre store filer i raskast mogleg hastighet.

·         Voss Fiber sørgjer for å sette opp løysningar som tilfredsstiller dei store krava ein har for å kunne føre over høgkvalitets videoar over nettverk i lysets hastighet. Med dette hadde kan ein levere alt innhaldet same dag som det er laga seier sal- og marknadssjef i Voss Fiber, Brede Herheim.

Med Voss Fiber sitt nettverk på festivalarenaen vil publikum enklare laste opp og dele innhald, oppdatere og kommunisere med vener og familie utan forsinkelsar. Samarbeidet muliggjer også innovative digitale aktivitetar, der ein i år vil lage ei konkurranse med kåringar av dei beste publikumsvideoane kvar dag.

·         Vi er glade for å ha Voss Fiber og Voss Energi på laget og ser frem til å samarbeide om å skape ein enda betre festivalopplevelse for våre gjestar! Seier dagleg leiar i Veko, Kjetil Kriken.