Ledige stillingar på Voss


 

Det er ein gledens dag! Voss HPK lyser ut 100% stilling som Dagleg leiar.

VHPK er Norges største Hang, speed og paragliderklubb med omlag 800 medlemmar. Drifta av klubben er i dag er i dag basert på frivillig dugnadsarbeid av engasjerte medlemmar. Ved å tilsette dagleg leiar i klubben ynskjer Voss HPK meir struktur på dagleg drift av klubben. VHPK ynskjer ein dagleg leiar som tek utfordringa med å vidareutvikle klubben frå det den er i dag, til ein strukturert og meir profesjonell organisasjon, og ein som ser potensialet og mogleg utvikling av klubben som eit gode for alle medlemmar.

Les meir om stillinga her.


 

Serverings- og reiselivsbransjen på Voss søkjer folk til ulike typar stillingar

Drøymer du om å bu på bygda? Ta ein sjanse på Voss! Her får du naturen som leikeplass - året rundt. 

Finn din neste jobb ved å sjekka ut Stillingssleppet til Visit Voss og ta kontakt med bedrifta du vil søke hjå. 


 

Badevert i Vossabadet

Vossabadet har mål om å skapa ein knakande kjekk arbeidsplass, og søkjer no etter DEG som kan vera med i gjengen av dyktige tilsette. 

I Vossabadet er me alle vertar, og arbeidsoppgåvene er knytta til å levera ei best mogleg oppleving for gjestane våre. Er du den som vil vera med å utvikla Vossabadet til ein flott stad å vitja for våre gjester? Ja då vert me utruleg glad!

Du kan lesa meir om stillinga og korleis du søkjer her

Vossabadet deltek på Ekstrem Jobbmesse torsdag 30. juni og vil vera tilgjengeleg for ein prat eller spørsmål.


 

Norbits AS søkjar systemutviklar

Ønskjer du å vera ein del av eit selskap med solide kundar og programvare? Og som har fokus på teknologi og arbeidsmiljø?

Norbits går ei spennande tid i møte, og me har styrkt eigarsida for å kunna halda fram med å levera gode løysingar til kundane våre. Løysingane våre blir brukte av nokre av dei største butikkjedene i Noreg, og under pandemien fekk me raskt på plass løysingar for endra handlevanar. Hos oss får du jobba med dei nyaste teknologiane og løysingar som krev oppetid og høg grad av stabilitet.

Les meir om stillinga her.

Norbits AS har dessverre ikkje kapasitet til å stilla på Ekstrem Jobbmesse i år. 


 

Ønskjer du å jobba på Voss? Er du utdanna sjukepleiar? Eller har du lyst til å jobba med barn og ungdom?

Voss Herad søkjar folk til fleire ulike stillingar i omsorgs- og helsesektoren, både til vikariat og faste tilsetjingar. Sjekk ledige stillingar hos Voss Herad her.

Voss Herad deltek på Ekstrem Jobbmesse torsdag 30. juni. Fleire representantar vil vera til stades for å snakka med interesserte om korleis det er å bu på Voss, og dessutan kva for nokre ledige stillingar dei har i dag og behov for framtida.


 

Nyetablert bedrift i Voss sentrum søkjar surdeigsbakar til 100% fast stilling!

Surdeigsbakeri og kafé, pizzarestaurant og vinbar med fokus på lokale og bærekraftige råvarer opnar i Voss sentrum våren 2023. Meierihagen er lokalisert i lyse lokaler i eit gamalt meieri med det som vert ein oase av ein uteservering. 

Er du ein bakar eller bakeglad person som vil vere med å utvikle eit spennande konsept? Du må ha kunnskap, erfaring og lidenskap for faget, fagbrev er ikkje eit krav. 

Søknad og CV kan sendast til hannahbrunborg@gmail.com.

Meierihagen har dessverre ikkje kapasitet til å stilla på Ekstrem Jobbmesse i år. Ved spørsmål kan ein ta kontakt med Hannah Brunborg per e-post.


 

Multiconsult søkjar landskapsarkitekt, rådgivar i geoteknikk og seksjonsleiar for miljøgeologi. Kan dette vera noko for deg?

Sjekk ut desse og fleire andre ledige stillingar hos Multiconsult her.

Multiconsult deltek på Ekstrem Jobbmesse torsdag 30. juni.