Ny søknadsfrist!

Ny søknadsfrist!

Ny søknadsfrist, 15. januar!! Me er på jakt etter ein ny dagleg leiar! Er DU den rette for jobben?

Vår alles kjære Margrethe Alm har diverre tatt avgjersla om å søkje nye utfordringar i livet etter fem fantastiske år i Ekstremsportveko. Me er difor på jakt etter ein ny dagleg leiar! Er DU den rette for jobben? 

Stiftinga Ekstreme Voss har som føremål å arrangera Vinterveko og Ekstremsportveko på Voss. Desse to arrangementa blir arrangert i mars og juni kvart år. Sidan 1998 har Ekstremsportveko opparbeidd seg status som eit av dei største arrangementa i sitt slag i verda, med nasjonale og internasjonale konkurransar innan 13 forskjellige sportar. I tillegg til å vera ein sportsfestival, har ”Veko” ein eigen musikkfestival som går over tre dagar. Vinterveko, vinterens svar på ”Veko”, er i ei spanande startgrop og har stort potensiale for vidare utvikling.
 
Stillingsskildring
Stillinga er 100 % og inngår i ein administrasjon saman med assisterande dagleg leiar. I tillegg jobbar ein med ein stab på om lag 20 personar og det er eit ungt, dynamisk og kreativt miljø.
 
Som dagleg leiar står ein ansvarleg for planlegging og gjennomføring av Ekstremsportveko og Vinterveko. Dette inneber blant anna budsjettering, økonomistyring, inngåing av samarbeidsavtalar, marknadsføring, produktutvikling m.m.
 
Du må rekna med kvelds- og helgearbeid i periodar.
 
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid innan festival og/eller sportsarrangement.
Det er ein fordel om du har kvalifikasjonar eller annan relevant erfaring innan prosjektleiing og/eller sponsorarbeid.
Du må ha gode datakunnskapar.
Du må ha svært gode engelskkunnskapar.
Det er ein fordel om du beherskar nynorsk.
 
Personlege eigenskapar
Du må vera sjølvgåande og ta ansvar for å nå dei måla som vert sett.
Du må ha godt humør, takle stress, lite søvn og tette tidfristar i periodar.
Du må like å ha ein variert arbeidsdag, ta i eit tak når det er naudsynt, samt vera komfortabel med meir rutinemessige jobbar som også er ein del av jobben.
Du må vera løysingsorientert og kreativ i stressa situasjonar.
Du må gjerne vere utøvar sjølv.
Om du kan hoppa strikk, snakka i telefonen og eta ei feitameita pota samstundes er dette inga ulempe.
 
Løns- og arbeidsvilkår vert ein samde om. Stillinga er på Voss, den vakraste bygda i Noreg. Tilsetjing er frå februar/mars 2012. Vedkomande kjem til å jobba tett med noverande dagleg leiar og administrasjonen. Målsetjinga er at vedkommande skal overta stillinga som dagleg leiar i oktober 2012.
 
Søknad og CV til Pernille Olafsen: pernille@ekstremsportveko.com
Søknadsfrist: 15.01.2012