News
Ski og Elv - heile året!
Ski & Elv på Voss Folkehøgskule er linja for deg om vil «utfordre komfortsonen», «ta utfordringar» og bli rikare på erfaringar.
Voss er den perfekte staden for denne linja. På Ekstremsportveko sin store arena vil vi finne utfordringar for både kropp og psyke. Gjennom sesongen valfartar folk frå heile verda til Voss for å drive elvepadling. På Ski & Elv får du prøva deg i kjente elver som Raundalselva og Brandsethelva. Voss er også veldig kjent for sine vinteraktivitetar, mange OL- og VM-heltar kjem frå Voss. Toppturar med skredlære og urørt snø er i fokus gjennom vinteren. Som medarbeidarar på Vinterveko vil vi oppleve festivalarbeid- og festivalmoro. Du vil få kunnskap om korleis få meir ut av dagane gjennom aktivitet i naturlege element, godt kosthald og spanande leik. Naturen på og kring Voss er både utfordrande og vakker. Som elev på Ski & Elv kan du nyta Voss - verdas villaste village i eit heilt år!
For meir informasjon om linja klikk her eller sjå linjelærarens eigen blogg