Trivst du best med full fart opp og ned fjellsidene? Her er ein aktivitet som funkar fjell – i alle vindforhold!
Fredag 21. juni går startsskotet for Ekstremstølsveko. Her er det om å gjere å gå flest stølsturar innan fredag 28. juni kl. 12.00.
Dette treng du
-
Du treng eit stølsturhefte. Det kan du kjøpa fylgjande plasser:
-
Visit Voss
-
Endeve Sport
-
Skandinavisk høyfjellsutstyr
-
Dyrdal Haugamoen
- Du kan henta ut eit deltakarkort i Turistinformasjonen hjå Visit Voss. Dette kan du henta ut f.o.m torsdag 20. juni kl. 12.00. Du kan også lasta ned og skriva ut deltakarkortet sjølv om du ynskjer det.
Deltaking
- På deltakarkortet som du får hjå Turistinformasjonen skriv du inn dato/starttida di ved parkeringa på fyrste stølstur.
- Du klypper i deltakarkortet på alle stølane.
- Ved parkeringa etter siste stølstur skriv du inn dato/slutttid.
- Du vel sjølv kva rekkjefylgje du vil gå/springa til stølane.
- Dette er basert på tillit: juks er kjipt - den du lurar mest er deg sjølv.
Innlevering av deltakarkort
- Lever så deltakarkortet ditt i postkassa til Voss Utferdslag ved inngangsdøra til Tre Brør innan fredag 28. juni kl. 12.00
Premiar til vinnarane
Den/dei som fullfører alle turane raskast får premiar på premieutdelinga til Ekstremsportveko i teltet fredag 28. juni.
Du treng ikkje vera registrert utøvar på Ekstremsportveko for å vera med på dette arrangementet.
Lukke til!
#ekstremstølsveko